caath -
Forside Add meg Om meg Kontakt

On my way out

Halloen!

Dagen idag har ikkje vert så veldig innholdsrik, har stortsett berre sett på KUWTK, ahh eg elska å sjå på det, er så underholdande. Deilig å ha ein roleg start på dagen før eg flyg ut døra. Det er nemleg seinvakt som står for tur, og tidleg i morgon. Så då er det rett frå jobb og i seng i kveld. Det var vel eigentleg det, for no må eg raska på, så vi snakkast peps!



  • Forrige veke

    Vekas opptur... Det var å få gode tilbakemeldingar på at eg gjer det bra i praksis både frå læraren og kontaktsjukepleiaren min. Tenk er allerede halvvegs og er snart ferdig, tida går så fort!

     

    Vekas nedtur... Har eigentleg ikkje hatt nokon nedtur denne veka. 

     

    Vekas sang... Yael Naim - New soul, ahh den er så fin.

     


    Vekas craving... Ein saftig og god kebab, ja veit eg er eit matvrak!

     

  • Effektiv morgon

    God morgon!

    Har vert effektiv no i morgontimane, har fått satt på ei vaskemaskin og støvsugd, og det før klokka er 11, det er ikkje verst på ein fridag. No har eg planta rumpa godt i stolen, så no kan eg nyte morgonen litt til med musikk og kaffi før resten av dagen går til akademiskskriving. Det beste hadde vore om eg ikkje hadde hatt noko eg måtte ha gjort. Då skulle eg nyt fridagen min til det fulle, då hadde det vert litt fjernsynssjåing og ut ein tur i finveiret. Om eg heng i dag kan det hende det vert ein liten spaserstur på meg, her må ein gripe sjangsen når det ikkje regnar, om ein ikkje skal gå glipp av det fine været her på vestlandet. 

    Kaffi er ikkje feil på ein fridag :)


    Og ikkje minst musikk!

    -Kva skal du idag?

  • Ting eg elskar ved hausten

    Heisann!

    Alle som kjenner meg veit at eg er eit sommarbarn og at eg ikkje for nok av sommaren, og at det er mi favoritt årstid. Men eg syns alle årstidene har kvar sin sjarm, og eg syns at vi her i Noreg bur slik at vi faktisk kan oppleve dei ulike årstidene,og sjå kor fine dei er. Så her kjem ei liste over ting eg likar ved hausten, den er både vakker og koseleg

    Hausten har heilt fantastiske fine fargar og all naturen vert heilt nydeleg!




    Alle dei kjekke tv-programma startar.

    Det er den perfekte tida til å hive på seg dei gode og varme kosekleda sine.

    Ein heilt ypperlig annledning til å lage seg ein kopp te og nyte den!

    Tenne lys, det vert så koseleg av å tenne nokre lys på kvelden, når ein skal kose seg!



    Det var dei tinga eg kom på no i farta, men kva likar du ved hausten?

  • Veka som gjekk...

    Hei!

    Ser at det er mange som skriv så kalla ''veka som gjekk'' innlegg og tenkte eg sku hive meg på trenden, for det virka kjekt å skrive, og enkelt, og ikkje minst kjekt å lese korleis andre har hatt det i veka som gjekk. Ikkje det at eg har hatt ei så veldig innhaldsrik veke, men kvifor ikkje prøve?  Så len deg tilbake og enjoy!

     

    Vekas opptur...  Det må bli det at eg kom heim til helga for å treffe dei som var heime, og dei som var på besøk, alltid godt å komme heim :)

    Vekas nedtur...  At eg faktisk ikkje kunne nyte helga til det fulle, fordi eg hadde jobbhelg, og ikkje fekk tilbringe så mykje tid som eg ville med familien. 

    Vekas sang...  Shawn Mendes - Stitches, har heilt dilla på den sangen, og den har gått på repeat i dag ut og dag inn!

    Vekas craving... Chips! Har hatt lyst på det heile veka, men måtte ta til takke med poppcorn. 

    -Korleis har di veke vert?

  • Søndagskos

    Halloen!

    No sit eg godt klistra i sofaen med farmen på tv. Skal sei at det har vert ei travel veke og helg. Rett frå praksis og heim att til jobb. Men no er det avslapping framfor fjernsynet med god underhaldning og ei skål med poppkorn, så det er ei god oppladning til ei ny veke. Elles har eg ikkje så mykje å fortelje dykk, så no skal eg berre nyte resten av søndagskvelden.




  • hits