caath -
Forside Add meg Om meg Kontakt

What's in my bag?

Hallo!

Tenkte eg kunne lage eit innlegg om kva eg har med meg i mi veske, syns det er så kjekt å lese slike innlegg eller sjå på videoar. Så eg tenkte eg skulle prøve meg litt fram. Eg håpar at de likar innlegget mitt, pelase enjoy!



Veska eg burkar er denne skjønnheten frå MICHAEL KORS. Den har ein heilt fantastisk fin farge og passar heilt ypperleg til hausten, med denne fine fargen. Den er stor, men ikkje for stor så eg har god plass til tinga mine, og brukar den ofte når eg er på skulen for eg får plass til både bøker og datamaskin, men når eg skal ha dataen min med pleie eg å ta sekken fatt, for er ikkje nokon fan av å bære på ei tung veske hehe. Unskyld for dårleg og utydeleg bilete. 

 

                     



Veska har tre rom, to som er åpne og eit som ein kan lukke, det eg likar minst med veska er at eg ikkje kan lukke heile, men det er lett å plukke opp ting om ein skal ha dei raskt, så sånn sett plagar det meg ikkje så veldig mykje. Den har også lomme som ein kan putte små ting i slik som mobil, pass, kort , etc. Og som sagt så sagt så kan de sjå at det er nok av plass til ting i denne veska.

 



Den fyste tingen eg har i veska mi er lommeboka mi, den er også frå MICHAEL KORS. Eg likar å ha ei stor lommebok, her har eg faktisk plass til mobilen, så visst eg har dårleg tid, tek eg berre dinna og putta mobilen min oppi. Så den har god plass til både kort, og pengar, Love this!

 



Neste tingen eg har i veska er ein paraply. Så om det er nokre frå det gode vestlandet her, så veit dykk godt at det er kjekt å ha ein slik ein i veska, for ein veit aldri når regnet kjem, og det er som regel regn her. Men no skal eg ikkje klage så veldig mykje har hatt nokre utrulege fine haustdaga med fine fargar, og sol, og fint vær. Men som sagt er denne god å ha med seg, når ein skal utom døra.

 

 



Har også alltid med meg ein form for lypsyl eller lipbalm. Den eg brukar no er denne frå Burt's Bees, den er heilt himmelsk. Den gir god fukt og luktar heil fantastisk og gjer leppene mjuke og fine. Den eg har heite, Refreshing Rafraichissant with pink grapefruit, anbefalast på det sterkaste, denne er eg heilt avhengig av og har brukt den sikkert dei siste to åra, så ein klar favoritt.  Har også ein leppestift frå Estee Lauder med fargen Pink Parfait Shimmer. Det er ein ganske natruleg farge og gir ein naturleg look, og fargen varar lenge, har som regel med meg denne når eg er utom døra. Eg går heller ikkje utan ein form form antibac, og den her i frå the bodyshop. Men no er eg snart tom så eg må snart få kjøpt meg ein ny ein, syns det er greit å ha med seg ein slik, denne luktar super godt som er sitron, elskar lukat!

 

Sist men ikkje minst har eg alltid med meg mobilen min og øyreproppane, kan ikkje leve for utan dei. Vertfall når eg skal ta bussen, eg følar meg heil lost utan desse då. Det var desse tinga eg hadde i veska mi, gløymde sjølvsagt nokre ting og det var tyggis og nøklane mine, men det er vel ikkje nokon stor krise.

-Kva har du med i din veske?

  • Need more energy!

    Hola mis amigos!

    Kjenne på kroppen at eg begynne å bli veldig sleten og trøtt no, eg er i praksis noko som tek veldig mykje av energien min. I morgon vert min sjuande dag på rad eg jobbar. Greit eg har ikkje vert på jobb i dag, men eg hadde skrivedag på skulen og det var hardt nok det og. Mykje infromasjon ein må hugse og ikkje minst mykje ein må skrive å gjere. Så eg ser veldig fram til å ha fri på fredag. Men så er det på'an igjen på lørdag til min jobb heime. 



    Følar at det er ein del som undervurderar sjukepleiarstudiet for det er faktisk ganske mykje å lese og mykje ein skal hugse. Og noko av stoffet er faktisk ganske tungt. Ikkje misforstå meg, det er også utruleg kjekt å studere dette og eg anbefalar det på det sterkaste om du vurderar dette yrket. Det er lærerrikt, engasjerande og ikkje minst kjekt! Har ikkje hatt det så kjekt og lærerikt på skulen som eg har det no! Men skulle verkeleg ønske det var meir timar i døgnet, slik at eg hadde hatt meir tid til oppgåveskriving og fått nok med søvn, for det kjenner eg at eg har fått lite av desse vekene. Nokre tips til å få meir energi og tid til dette?

  • 50 Spørsmål

     Heisann! Tenkte at eg kunne svare på ein slik ting med 50 spørsmål så vert dåke kanskje meir kjendt med meg. så lat oss starte.

    1. Kor gammal er d om fem år? Då er eg faktisk 25, off kjenner meg gammal allerede!

    2. Kven har du vert saman med i minst to timar i dag? Dei på jobb.

    3. Kor høg er du? Eg er faktisk berre 158,5, så er ikkje ein av dei høgaste!




    4. Kva slag film såg du sist? Det hugsar eg faktisk ikkje, sikker ein romantisk komedie av noko slag om eg kjenner meg sjøv rett.

    5. Kven ringte du sist? Mi kjære søster.

    6. Kven ringte deg sist? Mi gode venninde Ingrid!

    7. Kva stod på den smsen du fekk? ''Når kjem du heim att neste gong! Eg trenge å treffe folk!''

    8. Føretrekk du å ringe eller sende sms? Det kjem heilt an på situasjonen, eg er ein av dei som ikkje lika å snakke i telefonen når det kjem til folk
      eg ikkje kjenner så godt, då føretrekk eg sms. Men om det er nokre eg kjenne, kan eg godt ringe, er gjerne lettare enn å sende sms for sms.

    9. Kvar er din favorittplass? Home is where your heart is!

    10. Kva slags plass førtrekk du ikkje? Hmm kjem ikkje på nokon spesiell plass eg ikkje likar.

    11. Når såg du din mor sist? Litt over ei veke sidan kanskje.

    12. Kva slags augefarge har du? Eg har brune auge.

    13. Kva julesang er din favoritt? Ahh nei, ditta er vanskeleg! Eg likar alle julesanga, men er veldig glad i oh holy night, home for christmas, dirving
      home for christmas. Ja det var berre nokre av mange! Har ikkje nokon favoritt.

    14. Er foreldra dine gift eller skilt? Dei er gift.
       
    15. Når våkna du idag? Klokka seks ringte vekkarklokka og då var det på tide for meg å stå opp! Zzz...

    16. Kvar trur du at du befinn deg om 10 år? Vanskeleg å sei, men håpa at eg jobbar på ein plass eg trivast i det yrket eg studerar til, som er
      sjukepleie. Og at eg kanskje har fått meg ein mann og flytta til eit fint hus, og kanskje ein eller to ungar :)

    17. Kva skremte deg om natta som barn? Kan ikkje sei at eg hadde nokre skumle drømmar om natta, men eg var veldig sjenert som lita jente, og var
      skeptisk til dei fleste eg ikkje kjende.

    18. Kva slags Youtube-klipp fekk deg til å le sist? Tjja det var eit klipp fra The Ellen Degeneres Show, digga den dama ho er så morosom!

    19. Kva er din beste eigenskap? At eg er omsorgsfull og klarar å vise empati for andre

    20. Kva er din verste eigenskap? At eg seie veit ikkje, til absolutt alt, og eg tulla ikkje, sjølv om eg veit, så seie eg automatisk eg veit ikkje, veldig irriterande for andre!

    21. Søv du med eller utan klede? Eg søv som regel med ei stor og god t-skjorte.

    22. Kor mange pute har du i senga? Mange eg elska å ha mykje pute i senga har sikkert fem eller seks stykke, haha!





    23. Kva er det raraste du har ete? Blåskjell kanskje, ugh for ein konsistens, blæh..

    24. Har du stasjonær eller bærbar data? Har ein bærbar.

    25. Føretrekk du sko, sokkar eller barføtt? Om sommaren går eg føretrekk eg barføtt og om vinteren lika eg gode heimestrikka sokka!

    26. Kva høyrer du på akkuratt no? Perfect av One Direction :D

    27. Kva iskrem er din favoritt? Ben&jerry's phish food, ahh den er så god, kunne lett ete den til eg spydde, eller kanskje ikkje :P




    28. Kva er dessert er din favoritt? Sjokolademousse, nam!

    29. Den største permien du har vunne? Hm, har ikkje det som kallast flaks, men har vunne 100 kr på sånne spelemaskina, som var rundt om kring før då.

    30. Likar du kaffi? Det gjer eg, men eg drikk det veldig sjelden.

    31. Kva drikk du helst til frukost? Melk eller vatn.

    32. Kven var din favorittlæarar på vidaregåande? Kan ikkje akkuratt sei at eg hadde nokon favoritt?

    33. Kan du spele poker? Det kan eg ikkje nei.

    34. Kva har du ete idag? Skive med italiens salat, youghurt, laks med salat og potetmos, og smågodt, hihi.

    35. Nevn to historiske personar som ineteresserar deg? Anne Frank og Amalie Skram.

    36. Kva radiostasjon hørde du på sist? P4!
    37. Vill du ha born? Ja absolutt! Men ikkje før om nokre år.

    38. Kan du andre språk enn norsk? Eg kan engelsk og eg lika å tru at eg er flink til å snakke svensk haha!

    39. Søv du op ein spesiell side? Eg føretrekk å ligge på venstreside, det er den beste!

    40. Føretrekk du havet eller basseng? Havet defintetivt! Føle basseng berre kryr av bakteriar ugh..

    41. Kva brukar du helst pengar på? Klede og mat, eg er eit skikkeleg matvrak!

    42. Eig du dyrebare smykke? Kan ikkje sei at eg gjer det nei.

    43. Kva er ditt favorittprogram på tv? Friends, How I met your mother, Pretty little liars, Kardashians, Sofa, og Farmen, det er sikkert fleire, men treng ikkje å nemne alle.

    44. Kva skal du gjere i helga? Eg skal heim til ho mor og han far, så skal eg jobbe.

    45. Kan du stå på slalom? Det kan eg faktisk, men er lite god!

    46. Korleis imponerar ein deg? Den var vanskeleg, men kanskje det å vere imøtekommande og morsom?

    47. Kva slags ringelyd har du på telefonen? Samsung ringelyd? Er det, det heite? Vertfall den som er på samsung!

    48. Fortell 5 ting som lesarane din antageleg ikkje veit om deg? 1. Eg er eigentleg ein sjenert person. 2. Eg lika å ha det ryddig rundt meg. 3.Eg er ein skikkeleg sjokolademoms, og kan ete i bøtter og spann! 4. Eg er spontan, kan finne på å bestille ein tur til utlandet og reise dagen etter. 5. Eg har ikkje lappen, men skulle ønske eg hadde den!
    49. Kva er det nærmaste deg no som er rødt? Nokre stjerner på dyna min.

    50. Er du sosial? Eg er nok ikkje ein av dei som er mest sosial, men eg likar å vere med vennane mine, men eg trivast også godt i mitt eige selskap.
  • Velkommen!

    Hallo! 

    Velkommen til min nye blogg! Håpa at denne bloggen vil falle i smak for deg, den kjem til å handle om min kvardag, ikkje akkuratt at den er så veldig spennande, men kanskje det vert ei underholdning for nokre å lese denne bloggen. Eg har hatt blogg før, men kan sei at det er ein god stund sidan, så kan ikkje sei at eg er trent i å skrive blogg, men eg tek gjerne imot konstruktiv kritikk og forslag til kva eg kan blogge om :) Som du sikkert har lagt merke til er at eg skriv på nyrnorsk og det kjem eg til å gjere for eg er ein ekte fanatikar så dette må du berre finne deg i. Så bloggast vi snart :D

  • Ny blogg!

    Velkommen til blogg.no! :)

    Dette er det aller første innlegget i din nye blogg. Her vil du finne nyttig informasjon, enten du er ny som blogger eller har blogget før.

    Trenger du litt starthjelp finner du våre hjelpesider her: http://faq.blogg.no/, og vår engasjerte supportavdeling er tilgjengelig (nesten) 24/7.

    Bloggen
    Ønsker du å gjøre den nye bloggen din litt mer personlig anbefaler vi at du fyller ut profilinfo, og velger et design som passer til deg. Vil du bare komme i gang med bloggingen kan du starte et nytt innlegg.

    Hashtags
    Blogg.no bruker hashtags for å samle innlegg som handler om samme tema. Hashtags gjør det lettere å finne innlegg om akkurat det temaet du søker. Du kan lese mer om hashtags her: http://hashtags.blogg.no/

    Andre nyttige sider
    Infobloggen: http://info.blogg.no/
    Vårt regelverk: http://faq.blogg.no/infosider/retningslinjer.html
    Vilkår for bruk (ToS) og integritetspolicy: http://faq.blogg.no/?side=omoss

    Nå som du har lest dette innlegget kan du redigere det eller slette det. Vær dog oppmerksom på at det alltid må være minst ett innlegg i bloggen for at den skal fungere - det er for eksempel ikke mulig å redigere designet uten at det finnes innlegg i bloggen.

    Når du skal logge inn neste gang kan du gjøre det fra vår forside på http://blogg.no/.

     

    Vi håper du vil trives hos oss!

    hilsen teamet bak
    blogg.no

     

    blogg.no | logg inn | hjelp | regelverk | vilkår | om oss | kontakt oss | infobloggen

     

  • caath

    Bloggar om min kvardag, og det som fell meg inn.

    Kategorier

    Arkiv

    Siste innlegg

    Lenker

    bilde



    hits