caath -
Forside Add meg Om meg Kontakt

Wieght loss

Hei!

Long time no see, er det ikkje det dei seie? Eg tenkte at eg skulle forandre litt på bloggen her no. Eg har jo skreve om min kvardag her på bloggen (ikkje at eg har hatt så mange innlegg at det gjer noko). Men eg tenkte eg skulle forandre det her litt eg kjem jo til  skrive om min ellers så innholdsrike kvardag (NOT!), men frå no kjem det til å hande om min vektnedgang og vegen min til å nå mitt mål. Her kjem eg til å komme med tips og kanskje inspirasjon for nokre om min veg til mitt mål. Så eg håpar at dette fell i smak hos dåke og eg skal blir flinkare til å oppdatere bloggen, for det kan eg ikkje skryte på meg at eg har vore flink til det. Peace out! 





 

  • On my way out

    Halloen!

    Dagen idag har ikkje vert så veldig innholdsrik, har stortsett berre sett på KUWTK, ahh eg elska å sjå på det, er så underholdande. Deilig å ha ein roleg start på dagen før eg flyg ut døra. Det er nemleg seinvakt som står for tur, og tidleg i morgon. Så då er det rett frå jobb og i seng i kveld. Det var vel eigentleg det, for no må eg raska på, så vi snakkast peps!



  • Effektiv morgon

    God morgon!

    Har vert effektiv no i morgontimane, har fått satt på ei vaskemaskin og støvsugd, og det før klokka er 11, det er ikkje verst på ein fridag. No har eg planta rumpa godt i stolen, så no kan eg nyte morgonen litt til med musikk og kaffi før resten av dagen går til akademiskskriving. Det beste hadde vore om eg ikkje hadde hatt noko eg måtte ha gjort. Då skulle eg nyt fridagen min til det fulle, då hadde det vert litt fjernsynssjåing og ut ein tur i finveiret. Om eg heng i dag kan det hende det vert ein liten spaserstur på meg, her må ein gripe sjangsen når det ikkje regnar, om ein ikkje skal gå glipp av det fine været her på vestlandet. 

    Kaffi er ikkje feil på ein fridag :)


    Og ikkje minst musikk!

    -Kva skal du idag?

  • Ting eg elskar ved hausten

    Heisann!

    Alle som kjenner meg veit at eg er eit sommarbarn og at eg ikkje for nok av sommaren, og at det er mi favoritt årstid. Men eg syns alle årstidene har kvar sin sjarm, og eg syns at vi her i Noreg bur slik at vi faktisk kan oppleve dei ulike årstidene,og sjå kor fine dei er. Så her kjem ei liste over ting eg likar ved hausten, den er både vakker og koseleg

    Hausten har heilt fantastiske fine fargar og all naturen vert heilt nydeleg!




    Alle dei kjekke tv-programma startar.

    Det er den perfekte tida til å hive på seg dei gode og varme kosekleda sine.

    Ein heilt ypperlig annledning til å lage seg ein kopp te og nyte den!

    Tenne lys, det vert så koseleg av å tenne nokre lys på kvelden, når ein skal kose seg!



    Det var dei tinga eg kom på no i farta, men kva likar du ved hausten?

  • Veka som gjekk...

    Hei!

    Ser at det er mange som skriv så kalla ''veka som gjekk'' innlegg og tenkte eg sku hive meg på trenden, for det virka kjekt å skrive, og enkelt, og ikkje minst kjekt å lese korleis andre har hatt det i veka som gjekk. Ikkje det at eg har hatt ei så veldig innhaldsrik veke, men kvifor ikkje prøve?  Så len deg tilbake og enjoy!

     

    Vekas opptur...  Det må bli det at eg kom heim til helga for å treffe dei som var heime, og dei som var på besøk, alltid godt å komme heim :)

    Vekas nedtur...  At eg faktisk ikkje kunne nyte helga til det fulle, fordi eg hadde jobbhelg, og ikkje fekk tilbringe så mykje tid som eg ville med familien. 

    Vekas sang...  Shawn Mendes - Stitches, har heilt dilla på den sangen, og den har gått på repeat i dag ut og dag inn!

    Vekas craving... Chips! Har hatt lyst på det heile veka, men måtte ta til takke med poppcorn. 

    -Korleis har di veke vert?

  • Søndagskos

    Halloen!

    No sit eg godt klistra i sofaen med farmen på tv. Skal sei at det har vert ei travel veke og helg. Rett frå praksis og heim att til jobb. Men no er det avslapping framfor fjernsynet med god underhaldning og ei skål med poppkorn, så det er ei god oppladning til ei ny veke. Elles har eg ikkje så mykje å fortelje dykk, så no skal eg berre nyte resten av søndagskvelden.

  • Need more energy!

    Hola mis amigos!

    Kjenne på kroppen at eg begynne å bli veldig sleten og trøtt no, eg er i praksis noko som tek veldig mykje av energien min. I morgon vert min sjuande dag på rad eg jobbar. Greit eg har ikkje vert på jobb i dag, men eg hadde skrivedag på skulen og det var hardt nok det og. Mykje infromasjon ein må hugse og ikkje minst mykje ein må skrive å gjere. Så eg ser veldig fram til å ha fri på fredag. Men så er det på'an igjen på lørdag til min jobb heime. 



    Følar at det er ein del som undervurderar sjukepleiarstudiet for det er faktisk ganske mykje å lese og mykje ein skal hugse. Og noko av stoffet er faktisk ganske tungt. Ikkje misforstå meg, det er også utruleg kjekt å studere dette og eg anbefalar det på det sterkaste om du vurderar dette yrket. Det er lærerrikt, engasjerande og ikkje minst kjekt! Har ikkje hatt det så kjekt og lærerikt på skulen som eg har det no! Men skulle verkeleg ønske det var meir timar i døgnet, slik at eg hadde hatt meir tid til oppgåveskriving og fått nok med søvn, for det kjenner eg at eg har fått lite av desse vekene. Nokre tips til å få meir energi og tid til dette?




  • hits