Need more energy! (caath)
Forside Add meg Om meg Kontakt

Need more energy!

Hola mis amigos!

Kjenne på kroppen at eg begynne å bli veldig sleten og trøtt no, eg er i praksis noko som tek veldig mykje av energien min. I morgon vert min sjuande dag på rad eg jobbar. Greit eg har ikkje vert på jobb i dag, men eg hadde skrivedag på skulen og det var hardt nok det og. Mykje infromasjon ein må hugse og ikkje minst mykje ein må skrive å gjere. Så eg ser veldig fram til å ha fri på fredag. Men så er det på'an igjen på lørdag til min jobb heime. 



Følar at det er ein del som undervurderar sjukepleiarstudiet for det er faktisk ganske mykje å lese og mykje ein skal hugse. Og noko av stoffet er faktisk ganske tungt. Ikkje misforstå meg, det er også utruleg kjekt å studere dette og eg anbefalar det på det sterkaste om du vurderar dette yrket. Det er lærerrikt, engasjerande og ikkje minst kjekt! Har ikkje hatt det så kjekt og lærerikt på skulen som eg har det no! Men skulle verkeleg ønske det var meir timar i døgnet, slik at eg hadde hatt meir tid til oppgåveskriving og fått nok med søvn, for det kjenner eg at eg har fått lite av desse vekene. Nokre tips til å få meir energi og tid til dette?




  • Skriv en ny kommentar

    caath

    Bloggar om min kvardag, og det som fell meg inn.

    Kategorier

    Arkiv

    Siste innlegg

    Lenker

    bilde
    hits